sports

Superstjerna smadra rekorden - gull på 1000 meteren

Det var proppfullt i skøytehallen då 1000 meterfinalen for kvinner gjekk av stabelen i Milano måndag kveld. Blant dei største favorittane var medieprofilen Jutta Leerdam i siste heat. Men før det var det verdscupleiar Femke Kok. – Det går styggfort, det er fenomenalt, kjem det frå Hans Solbakken. Kok satte standarden med 1.12.59 og ny olympiske rekord. – Det er eit skremmeskot til Leerdam, seier skøyteekspert Even Vetten. I siste heat var det Jutta Leerdam mot regjerande olympisk meister Miho Takagi. 1.12.31 på Jutta Leerdam, gull og ny olympisk rekord. – Ho straffar Femke Kok, seier Vetten. Blant publikum satt kjærasten og internettstjerna Jake Paul.

Read full story at NRK →